Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

1 Samuel 31

:
Norwegian - NO1978NN
1 Filistarane gjekk til strid mot Israel. Israelittane rømde for dei, og det låg mange falne Gilboa-fjellet.
2 Filistarane sette etter Saul og sønene hans og felte Jonatan, Abinadab og Malkisjua, sønene til Saul.
3 Striden vart hard ikring Saul. Bogeskyttarane råka han, og han vart hardt såra.
4 sa han til våpensveinen sin: «Dra sverdet ditt og renn det gjennom meg, ikkje desse uomskorne skal koma og stikka meg ned og fara ille med meg!» Men våpensveinen ville ikkje gjera det; han torde ikkje. tok Saul sverdet og stupte mot det.
5 våpensveinen såg at Saul var død, stupte han òg mot sverdet sitt og fylgde Saul i døden.
6 Såleis døydde dei alle den dagen, Saul og dei tre sønene hans og våpensveinen og alle mennene hans.
7 dei israelittane som budde den andre sida av Jisre’el-sletta og av Jordan, såg at Israels-mennene hadde rømt, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og rømde. Og filistarane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistarane og ville rana dei falne. fann dei Saul og dei tre sønene hans liggjande Gilboa-fjellet.
9 Dei hogg hovudet av han og tok våpna hans. sende dei bodberarar ikring i Filistarlandet; dei skulle ropa ut sigersbodskapen i avgudstempla og for folket.
10 Våpna hans la dei ned i Astarte-templet, og kroppen hengde dei opp muren i Bet-Sjean.
11 folket i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistarane hadde gjort med Saul,
12 drog alle våpenføre menn i veg og gjekk heile natta. Dei tok lika av Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean, fór til Jabesj og brende dei der.
13 tok dei beina deira og gravla dei under tamariska i Jabesj. Og dei heldt faste i sju dagar.